hablog

-et skamløst blikk på politikk, medier og fotball

About Me

User: halsev
Halvor Sevatdal er født i 1969 og bor i Ås i Akershus.

  • Contact me
  • My profile
  • Linkme

Counter

visited *loading* times

Monday, 29 May 2006
Dårleg med fotballglede i Oslo

Senterungdomen har sett seg leie på dei låge tilskodartala på Noregs landskampar.

No vil dei ha endringar.

"- Vi vil ha fulle tribunar på landskampane, framfor at landslaget skal spele for tomme tribunar i Oslo. Ullevaal har vist seg å vere halvfull dei siste gongane det har vore spelt landskampar der, og det synest eg er synd når vi har eit landslag som er i verdstoppen, seier Marius Strømmen i Senterungdommen."

den seinaste FIFA-rankingen ligg Noreg som nummer 40.

Men det er visst ikkje berre antalet tilskodarar som vil betre seg ved å flytte kampane ut av Oslo. Kvaliteten på kvar enkelt tilskodar blir også betre ute i bygde-Noreg.

"- Eg synest ikkje den oppslutnaden austlendingane syner på Ullevaal er verdig eit landslag. Difor vil eg ha kampane til Sogn og Fjordane der vi kan vise fotballglede, seier Strømmen."

 

posted by: halsev at 08:16 | link | comments (2) |


Comments:
#1  29 May 2006 - 14:45
 
Hehee.. For min del må de gjerne sende landslaget dit pepper'n gror. Kanskje vi kan bytte med vestlendingene: De sender et par skikkelig solide oldboys-lag fra Smøla og Sandøy til Oslo. Gi oss skitne triks, høykvalitets filming og heftig 11-manns angrepsspill! Så kan de få de jålete ballklaskerne på landslaget til odel og eie.
Anonymous
#2  29 May 2006 - 18:57
 
No hev dei utvida målsaki, ungdomane i Senterpartiet:

Sjølvmål!


Ta Ballen Klorin
Anonymous
Comments:
Bloggurat